Seljord Camping

Vil du sjå sjøormen i sommar?

Vil du sjå sjøormen i sommar?

I følge folketru er sjøormen ein sjø – eller linnorm. Det vil seie at han er eit stort slangeliknande sjødyr som held til i det 13 km lange Seljordsvatnet, som ligg i Seljord kommune i fylket Vestfold Telemark. Seljord kommune ligg om lag midt i hjartet av Telemark.

Seljord Camping og Badeplass

Seljord Camping og Badeplass

Seljord Camping og Badeplass er ein familievenleg campingplass som ligg ved rv 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum. Me kan tilby gjestene våre ei herleg sandstrand med svaberg, robåt- og kanoutleige, leikeplass, sandvolleyballbane, flotte turområde og brygge. Hyttene våre har god standard, og me har mange fine plassar til telt, bobilar og campingvogner. Medlem av NBCC.

 Velkomen til oss!

Slik kjem du til Seljord Camping

Slik kjem du til Seljord Camping

- Frå Bø køyrer du RV 36 
til rett før Seljord. Der 
tek du til venstre ved skilt.

- Frå Seljord køyrer du RV 36 ca. 
300m mot Bø og tek av til høgre 
ved skilt.