Seljord Camping og Badeplass


Seljord Camping og Badeplass

Seljord Camping og Badeplass er ein familievenleg campingplass som ligg ved rv 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum. Me kan tilby gjestene våre ei herleg sandstrand med svaberg, robåt- og kanoutleige, leikeplass, sandvolleyballbane, flotte turområde og brygge. Hyttene våre har god standard, og me har mange fine plassar til telt, bobilar og campingvogner. Medlem av NBCC.

 Velkomen til oss!